Bruk av Optima


07 Feb

Informasjon om hentet fra Optima sine fakta-ark

Bruk av Optima pH4 til hest 

Man- og halekløe og andre hudplager: Fukt dei aktuelle hudområda med lunka vatn. Påfør Optima pH4 hudvask for dyr og gni denne godt inn i hårlag og hud. Skyll med lunka vatn etter 3-5 min. Bruk gjerne Optima pH4 hudspray for dyr når hud og hår er blitt tørre igjen. Spray på og børst det inn i hårlaget. Gjer dette 1 g pr dag eller etter behov. Hvis det er tendens til sår skal det brukast Optima pH4 gel på slike område, 1-3 g pr dag. 

«Mugg»: Vask vekk søle etc på beina med Optima pH4 hudvask for dyr. Tørk det aktuelle hudområdet med papir eller ei tørr fille Bruk deretter Optima pH4 gel på det same området. Utfør denne prosedyren dagleg eller etter behov. Bruk av tørt strø av tre i boksen er viktig for å unngå slike plager. Sur stråle-stråleråte: Fjern skit og rensk opp etter behov. Vask med Optima pH4 hudvask for dyr. Bruk deretter Optima pH4 hudspray for dyr eller Optima pH4 organiske syrer. Begge deler kan brukast som spray eller bad(soaking). 

Mindre overflatesår: Det er viktig å senka pH over tid. Dette oppnår ein med Optima. Vask med Optima pH4 hudvask for dyr viss det er ureint. Bruk deretter Optima pH4 gel så ofte som det er praktisk mogeleg. Denne prosedyren sikrar låg pH og held bakterieveksten på eit optimalt nivå. 

Mage/tarmplager: Optima pH4 mageregulator dyr har hatt god effekt på hestar med slike plager. Bland mageregulatoren i fôret slik at hesten får i seg ca 0,5 liter pr dag og la han få dette i 5-10 dagar. Viss høyet eller siloen ikkje er av beste kvalitet kan den hygieniske kvaliteten forbetrast med Optima pH4 organiske syrer. Spray dette utover fôret. Du greier aldri å overdosera dette midlet på denne måten.

 Utstyr og stall: Optima pH4 universalvask er velegna til vask av alt utstyr til hest og til vask av boks og stall. Bruk av Optima pH3,6 organiske syrer etterpå forsterkar resultatet.

 Bruk av Optima pH4 til hund 

Ved hudplager: Tørr hud, sår og sprukken hud, kløe, lett akne(kviser), lette tilfeller av våteksem og andre overflatiske hudplager. Bruk Optima pH4 hudvask for dyr/hundeshampo ved bading. Bruk så Optima pH4 hudspray for dyr eller Optima pH4 gel dagleg. Og bruk ikkje andre shampoar eller kjemikaliar i det tidsrommet du brukar Optima! Ulikt så godt som alle andre hundeshampoar fjernar ikkje Optima pH4hudvask for dyr/hundeshampo feitt frå hud og pels. Hunden kan derfor vaskast så ofte som nødvendig. Vask med denne er derfor det første og viktigaste tiltaket ved kløe og andre hudplager. Fukt hunden med lunka vatn og gni inn shampoen slik at det skummar godt. Skyll med lunka vatn etter 1-2 min. Ved oppstart med Optima er det gunstig å vaska hunden kvar veke i 3 veker; deretter etter behov. Ved moderate plager i øyrene:(utan opne sår): Rens øyrene med Optima pH4 øyrerens eller dosèr 5-10 dropar i kvart øyre 1-2 g dagleg til plagene avtek. Deretter er det gunstig å bruka det 1- 2 g pr veke. På denne måten kan plagene haldast i sjakk. 

Ved forhudplager hos hannhund: Vask/skyll med utblanda Optima pH4 hudvask for dyr før første påføring. Bruk så Optima pH4 forhudrens dagleg til plagene avtek. Deretter kan bruksintervallet forlengast etter behov. Det er viktig å trekkja forhuda godt fram når ein fører inn tuppen, slik at ein ikkje kjem borti sjølve penis. Skyll flere gonger, til væska som vert skylt ut ser rein ut, og gjenta nokon dagar på rad. ( NB! Toppen/Hetta på korken må skruast av før bruk) 

Ved mindre overflatesår: Vask med Optima pH4 hudvask for dyr. Bruk deretter Optima pH4 gel 1-3g dagleg. Bruk bandasje etter behov. 

Ved mage/tarmplager: Bruk ca 50 ml mageregulator pr dag til ein hund på ca 20 kg i 5-10 dagar. Bland det ut i fôret. Det er også brukt 1-2 spiseskeier i maten dagleg over lang tid. Optima inneheld eddik og andre organiske syrer. Dei har ei lukt som flått og andre småkryp ikkje likar. Mange har erfaring for at Optima pH4 hudspray for dyr reduserer flåttproblemet hvis sprayen blir brukt rett før turen i risikoterreng startar. Spray dei utsette delene på hunden, men pass på og ikkje få spray i augene. Ta evt med sprayflaska på turen og gjenta prosedyren. 

Hundeutstyr og kennel: Optima pH4 universalvask er velegna til vask av alt utstyr til hund og til vask av kennel. Bruk av Optima pH3,6 organiske syrer etterpå forsterkar resultatet. Innhaldet av eddik gjer at desse er effektive mot lukt.  

Kommentarer
* E-postadressen vil ikke bli publisert på hjemmesiden.